Bamsesying pågår!
Her legg eg ut bilder av mine heimasydde bamser, i tilegg vil det dukka opp detaljer av andre bilder som har med bamseyinga å gjera alt etter som eg putler vidare . Det er mykje arbeid å sy ein bamse, mønster skal lagast til, klipping i stoff, auger trykkast på og sying av snute og munn.Og mykje mykje meir, ikkje minst da å sy klede til bamser er ein prøvelse, men moro er da å henta fram gamle kunnskaper at i frå Husflidskulen. Ein viktig detalj her er at alle bamsane får eit bamsehjerte inni bamsekroppen sin før dei blir sydd at.
Mine to døtre er dei gode hjelparane her, dei er gode å få råd og tips av!🙃
Dato på bilder fortell når tid bamsane har blitt sydd. Bilder og tekst blir plassert ved at det nyaste innlegget blir plassert øverst på sida her og det gamlaste nederst. Sjå og innom galleriet om Heimasydde bamser, der vises bilda større.
Oppdatert dato 02.april.2009
Knutsaåsbamsen
Denne bamsen er navnelaus men kalles for øyeblikket for "Knutsaåsbamsen" avdi den no sitt på eit gevinstbord på Knutsaåsen Omsorgsenter avd 2 og skal om ikkje så lenge loddast bort til inntekt til eit sterkt ønskja "lysthus" til Sansehagen på senteret.😀
Bamen er sydd av Teddyfilt kjøpt på butikken"Inspirasjon" på Stord. Buksa er sydd ut av ein gammal dongeribukse, så her fekk ein virkelig prøva seg på jeans nålene, men da gjekk no på eit vis med symaskina. T-skjorta er sydd om frå ei barne t-skjorte. Så her er da gjenbruk av klær og. Sjå større bilde av denne på galleriet "Heimasydde bamser" Der vil de og sjå han med slips, sjølv om slipsknuten ikkje er heilt som den skal så får me kryssa fingrane på at den som vinn loddbamsen kan laga ein skikkelig slipsknute. "Her skal me jammen øva på knutar i framtida ja).🙃
Bamsen Betty
Ein ny bamse såg dagens lys før jul, dette var då ein prøvesying med overlockmaskina mi. Bamsen har fått navnet Betty av dotter mi. Denne bamsen brukes som ein slags maskott i ulike situasjoner derav og ulike klede til stor glede for ungane, sjå og innom galleriet "Heimasydde bamser" der bilda vises større.😀
Gylden imitert pels
Vare nr. 910196
Ca. 150 Cm Bred
80% Akryl
20% Polyester
Krymp ved vask: 3%
Bursdags bamsen!
Nougat Imitert pels
Vare nr. 910188
Ca. 150 Cm Bred
100% Polyester
Krymp ved vask: 3%
Yogabamsen Cili!
Damebamsen fekk seg ein kjole i velourstoff, i tilegg til eit hodepladd med påsydde blonder eg hadde liggande i sysakene. I tilegg blei logoen til stiftelsen MHF påsydd i lag med "Vi er med" tøysløyfer i livet på kjolen. Logoen blei skreve ut speilvendt på PC-en og strøke på kjolen.
Gylden imitert pels
Vare nr. 910196
Ca. 150 Cm Bred80% Akryl
20% Polyester
Krymp ved vask: 3%
Sjukehusbamsen Harald!
Denne bamsen er ein sjukehusbamse som bur på kir.avd post III Stord sjukehus bamsen har fått navnet Harald av det flotte personellet der. Bamsen er ein takk til personellet i frå oss pårørande!🙂
Sjukehusskjorta er sydd etter kjøpt stoff, og korset samt hjerta er sydd av stoffrestar eg hadde liggande på lur.
Nougat Imitert pels
Vare nr. 910188
Ca. 150 Cm Bred
100% Polyester
Krymp ved vask: 3%
"da Vinci" bamsen
Må nevna at skinnvesten er sydd ut av ei skinnbukse eg fekk av ei veninne, slipset er sydd etter eit gammalt HSD slips (slipset fekk påsydd "Vi er med" tøysløyfer etter stiftelsen MHF), t-skjorta er sydd opp etter ei ny t-skjorte eg hadde liggande.
Nougat Imitert pels
Vare nr. 910188
Ca. 150 Cm Bred
100% Polyester
Krymp ved vask: 3%
Muttern`s bamse!
Dette er den første bamsen eg har sydd i heile mitt liv, og sjølvsagt blei det muttern som fekk den. (Prøvekaninene blir som oftast gitt bort).😀Bamsen bur den dag i Eidfjord og titter på sin nye bamseeigar med sitt spesielle bamseblikk.🙃
Den lille navnlause og kleslause bamsen er sydd av:
Nougat Imitert pels
Vare nr. 910188
Ca. 150 Cm Bred
100% Polyester
Krymp ved vask: 3%